– Dette er full katastrofe for fiskeindustrien

Regjeringa vil halvere talet på dagar tilsette i fiskeindustrien kan få dagpengar. Konserntillitsvalt Endre Sekse fryktar folk kan hamne i store økonomiske problem.

Arbeid: Konserntillitsvalt Endre Sekse er sterkt uroa over forslaget om dagpengekutt. Det kjem frå Arbeids- og sosialdepartementet og ligg inne i regjeringas forslag til statsbudsjett.  Foto: Innskote: privat. Bakgrunn: Svein Aam (arkivbilde)

Nyheter

Fram til no har dei som har foredling av fisk som yrke, hatt rett på dagpengar i 52 veker. Regjeringa vil halvere dette til 26, som er det vanlege i industrien. Eit av fleire argument frå regjeringa er auka bruk av innleigd arbeidskraft.