Nye Kleven skal bygge om lekter

Vann kontrakt som gir jobb til 100

Nye Kleven Verft har har vunne ein større kontrakt i konkurranse med fleire europeiske verft.

Lekter: Slik blir lekteren sjåande ut etter ombygging ved Kleven-verftet på Dimna. Illustrasjon.  Foto: Boa Barges AS

Nyheter

Nye Kleven Verft har inngått avtale med reiarlaget Boa Barges AS i Trondheim om ei større ombygging av ein eksisterande lekter.

– Vi er veldig takknemlege for tilliten Boa Barges AS viser med å plassere dette viktige oppdraget hos oss, seier salssjef Thore Veddegjerde i Nye Kleven Verft i ei pressemelding.

Her går det også fram at kontrakten er vunnen i sterk konkurranse med fleire europeiske verft.

Jostein Innerdal, som er prosjektleiar i Boa Barges, seier at dei valde å gi oppdraget til Nye Kleven Verft etter ein totalvurdering av kvalitet, pris og gjennomføringsevne.

Gir arbeid til 100 arbeidarar

Lekteren «Boabarge 33» skal ifølgje pressemeldinga kome til Kleven 31. oktober. Arbeidet med ombygginga vil starte straks lekteren er på plass.

Oppdraget vil gje arbeid til om lag hundre arbeidarar på verftet, frå november 2019 og fram til lekteren skal leverast i februar 2020, ifølgje pressemeldinga.

Skal til Vest-Afrika

Ved Kleven verft skal lekteren utvidast frå 36 til 60 meter. Det vil bli montert åtte nye oppdriftstårn, og to eksisterande dekkshus skal hevast med ti meter.

I tillegg skal det montertast eit sjøsettingsarrangement for betongelement på dekk.

Når ombygginga er gjennomført, skal lekteren på oppdrag utanfor kysten av Dakar i Vest-Afrika. Der skal «Boabarge 33» brukast til å plassere ut store betongelement, som skal danne ein bølgebrytar som er under oppføring.