Kommentar: NAV-skandalen må få konsekvensar

«Svikta dei som trengde det mest»

Tragediane som er avdekte etter at NAV-skandalen vart offentleg kjend denne veka, er opprørande. Det er ikkje vanskeleg å slutte seg til at dette er ein rettsskandale og ein forvaltningsmessig skandale.

Ansvar: Nav-direktør Sigrun Vågeng (til venstre) og arbeids og sosialminister Anniken Hauglie (H) fortalde i pressekonferansen denne saman med riksadvokat Tor-Aksel Busch korleis trygdemottakarar med urette har blitt stempla som svindlarar og truleg i fleire titals tilfelle dømde for trygdebedrageri. No gjenstår det å ta ansvar. Arbeidet med å rette opp urett som er gjort, må kome raskt i gang. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix 

Nyheter

Truleg er fleire titals menneske offer for justismord, uskuldig dømde for å ha opphalde seg i andre EØS-land medan dei tok imot ulike trygdeytringar. I tillegg er minst 2.400 stempla som kjeltringar, har mista trygderettar og er blitt tvinga til å betale tilbake store beløp. Fleire kan også frivillig ha sagt frå seg sine rettar.