Arena Sunnmøre:

– Framleis bekymra for Ålesund sjukehus

Kva betyr det at Ålesund skal ha det mest spesialiserte og differensierte sjukehuset i fylket? Ordføraren er framleis bekymra etter svaret frå Helse Møre og Romsdal.

Ålesund sjukehus: Ordførar Eva Vinje Aurdal syns ikkje ho fekk eit klart svar frå Helse Møre og Romsdal.  Foto: Per Ove Stige

Nyheter

– De seier at Ålesund skal vere nummer éin-sjukehuset i Møre og Romsdal. Eg etterlyser litt meir kjøt på beinet på kva det betyr i praksis, sa Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal under debatten på Arena Sunnmøre fredag.