Møre og Romsdal:

Færre er utan arbeid

Talet på arbeidsledige i Møre og Romsdal har gått ned i haust.

Ledighet: Andelen arbeidsledige gikk ned i oktober. (Illustrasjonsfoto)   Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Nyheter

I oktober var 2.610 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 1,9 prosent av arbeidsstokken. Dette er ein nedgang i arbeidsløysa på 12,9 prosent frå same månad i fjor.

Det viser eit oversyn frå Nav.

Nedgang i heile landet

På landsplan er det 59.549 heilt arbeidslause. Dette er 2,1 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang på 3,2 prosent samanlikna med same periode i fjor.

– Korrigert for normale sesongsvingingar har det dei to siste månadane blitt 148 færre ledige i Møre og Romsdal, noko som er ei betre utvikling enn i resten av landet, seier fylkesdirektør Stein Veland i Nav i ei pressemelding.

Søre Sunnmøre

Nedgangen i arbeidsløysa held fram på søre Sunnmøre. Der er den 2,3 prosent, same som på ytre Nordmøre. I fylket elles er arbeidsløysa så låg at næringslivet har aukande utfordringar med å rekruttere arbeidskraft med ønska kompetanse.

– Vi gjer no mykje godt med inkluderingsdugnaden i heile fylket. I oktober 2019 har vi 859 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 40 fleire enn i oktober 2018. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 3 469 personar i fylket, seier Veland.