Det Hareid-baserte selskapet Intership AS melder i ei pressemelding i dag at dei har gått inn ein avtale med Kerko Seatrans AS om å kjøpe brønnbåten «Kirsti H».
Denne båten vart levert frå Erko Seatrans AS til Solund Verft i februar 2017.
– Moderne brønnbåt
Ifølgje pressemeldinga er «Kirsti H» ein moderne brønnbåt på 1800 kubikkmeter. Den er rigga for dei fleste operasjonar.
Intership AS vart etablert i 2014. Dei har no sju brønnbåtar.
Tre av dei opererer vest og aust for Canada, éin i Skottland og to i Norge.
Kvar «Kirsti H» skal operere i når Intership tek over båten neste vår er enno ikkje klart.
I MEDVIND: Ole Peter Brandal, dagleg leiar i Intership, seier at føresetnadene for vidare vekst er dei aller beste. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll, Vikebladet Vestposten
Etablerte i Chile
I pressemeldinga kommenterer dagleg leiar Ole Peter Brandal selskapet sin vidare strategi slik:
– Vi har no etablert oss i Chile og tilsett ein erfaren dagleg leiar. Vi trur at vi om relativt kort tid vil ha båtar i operasjon i Chile. Vi ser vekstpotensial i alle marknadane vi er etablerte i, spesielt i Norge og Chile.
Brandal legg til at føresetnadene for vidare vekst er dei aller beste.