Tre mista førarkortet på E39

UP har hatt fartskontroll i 60-sona på Vartdal fredag.
Nyheter

Tre bilførarar har mista førarkortet etter ein fartskontroll på E39 i Ørsta fredag.

To bilførarar i 20-åra er politimelde. Den eine blei målt i 108 km/t i 50-sona og er fråteken førarkortet.

Den andre køyrde i 72 km/t og er fråteken førarkortet fordi han hadde for mange prikkar.

Også ein mann i 30-åra blei stoppa i kontrollen. Han køyrde i 87 km/t i 60-sona. Også han mista førarkortet, ifølgje Twitter-meldingane frå politiet i Møre og Romsdal.