Måndag morgon:

Bil av vegen på såpeglatt føre

Politiet melder om bil av vegen i Herøy. Såpeglatt på fylkesveg 61.
Nyheter

Klokka 08.33 fekk Møre og Romsdal politidistrikt melding om ein bil som hadde køyrd av vegen ved Djupvikvatnet i Herøy kommune. Ulykkesstaden er på fylkesveg 61, aust for vatnet.

Politiet har vore i kontakt med bileigar som seier seg uskadd. Bilbergar er bestilt for å hjelpe.

I ei twittermelding klokka 09 skriv politiet at det er såpeglatt på staden.

– Køyr forsiktig, skriv politiet i meldinga.

Politiet skriv i ei oppdatering at det ikkje har vore personskade i samband med uhellet, og at ein mann i 30-åra blir meld for brot på vegtrafikkloven § 3, for ikkje å ha gjort det ein skal etter eit trafikkuhell.