Sterke reaksjonar på kuttforslag:

– Dette er det motsette av å satse på ungdommen

Fleire elevar må flytte og færre får oppfylt draumane sine. Og kutt i kreative fag gir dramatisk endring i verdisyn.

Musikklinja: Elevane i bakgrunnen går på musikklinja ved Volda vidaregåande. Inntaket til den populære linja kan bli halvert om fylkesrådmannen får det som han vil. Dette åtvarar lærarane Ragnhild Oterholm (f.v.), Siv Kristin Aurdal og Yngvil Birkeland sterkt mot. 

Nyheter

Dette er blant reaksjonane lærarar ved Volda vidaregåande har, etter å ha høyrt fylkesrådmannen sine kuttforslag.