Fryktar kutt vil gi større fråfall i vidaregåande skule

– Den situasjonen fylkespolitikarane har sett fylkeskommunen i, er sterkt klanderverdig. Desse kutta går ut over kvaliteten i vidaregåande skule.

Lektor: Olav Sandanger Myklebust er hovudtillitsvald for Norsk lektorlag i Møre og Romsdal.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Det meiner Olav Sandanger Myklebust, hovudtillitsvald for Norsk Lektorlag i Møre og Romsdal, etter at fylkesrådmannen har presentert ei lang liste med kuttforslag i den vidaregåande skulen i fylket.