Bil mista hjul på E39 – kø på staden

Politiet melder onsdag morgon om eit trafikkuhell på E39 i Volda.
Nyheter

Trafikkuhellet skjedde i Eksetsvingane på E39.

– Ein bil har mista eit hjul. Det blir meldt om ein del kø på staden. Politiet er på veg, skriv Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter klokka 09.11.

20 minutt seinare skriv politiet at dei er på staden.

– Bilbergar er rekvirert. Det vil ta ei stund før vegen blir opna, vi dirigerer trafikken på staden, melder politiet.

Klokka 09.47 skriv politiet at bilen er fjerna og vegen er igjen open for normal trafikk.