Hjørungavåg:

Her kjem eit 26 meter langt vikinghus

Vikinghistoria må ikkje gå tapt, meiner folket i Hjørungavåg. No er dei i gang med å bygge ein stor vikingpark.

VIKINGPARK: På denne marka på Leira i Hjørungavåg i Hareid kommune skal det byggast ein vikingpark. Det inkluderer mellom anna eit langt vikinghus som ser ut til å bli om lag 26 meter. Frå venstre: Ronny Nipen (høvding), Gunnar Hjørungnes og Arnfinn Mork-Stordal i styret.  Foto: Einar Orten Trovåg

Nyheter

– Vi må jobbe hardt for at vikingbygda Hjørungavåg ikkje skal gå i gløymeboka. Derfor treng vi eit vikinghus, meiner Gunnar Hjørungnes, styremedlem i nystifta Hjørungavåg Vikingpark.