Tilsette og elevar på Haram vgs reagerer med sjokk:

– Det er flaggskipet vårt dei vil legge ned

– Desse kutta vil ramme Haram vidaregåande skule veldig hardt. Når ein ser på lista over kuttforslag, er vi kanskje dei som blir hardast ramma, seier rektor Jan Magne Helland.

Vil redde utdanninga: Rundt 46 elevar går i dag på YSK-linja på Haram vidaregåande skule. No er utdanninga foreslått lagt ned, og rundt åtte tilsette kan miste jobben. Bak frå venstre: Håkon Farstad Brekke, Håvard Garshol og Solveig Beadle. Framme frå venstre: Anders Brungot Sandvik, Petar Milic, Line Grytten og Ida Ravnestad.   Foto: Privat

Nyheter

Beskjeden om at det er foreslått å legge ned YSK-linja (yrkes- og studieforberedende kompetanse) – det mange kjenner som TAF – kom som eit sjokk på tilsette og elevar.