– No skal eg prøve å legge vekk telefonen

Lensmann Guttorm Hagen vert pensjonist etter meir enn 40 års teneste i politiet.

Kjent fjes: Guttorm Hagen har nytt respekt på Søre Sunnmøre. No gir han seg.  Foto: Knut Arne Aarset (arkivbilde)

Nyheter

– Sidan eg vart lensmann i 2005 har eg vore tilgjengeleg stort sett døgnet rundt, seier avtroppande lensmann Guttorm Hagen til Sunnmørsposten.

– Eg har gått i beredskapsmodus. Det er ikkje sikkert eg klarer å legge vekk mobiltelefonen, seier han humrande.

Og ikkje overraskande i det heilte tatt: lensmannen gler seg til å få meir tid til kona, familie og venner.

Hagen skal også halde seg i form både fysisk og mentalt.

– Vi har fine turmogelegheiter her på Sunnmøre. Det gjeld og nytte seg av naturen. Eg kjem også til å følge med på det som skjer i samfunnet.

Han utelukkar ikkje at han kome til å engasjere seg i samfunnsdebatt.

– Men eg skal nok passe meg for å meine for mykje om mitt eiget fagfelt, når eg no gir meg.


E39 Kvivsvegen med sterk trafikkauge, men svært få alvorlege ulukker:

Lensmann lovprisar veg

– Kvivsvegen står fram som den beste og sikraste vegstrekninga på heile Sunnmøre.


Har 40 år lang karriere

Hagen starta som lensmannsbetjent-aspirant i Rauma hausten 1979, står det i ei pressemelding frå Møre og Romsdal politidistrikt.

Etter gjennomført politiskule var han lensmannsbetjent i Eid fram til 1984. Då vende ørstingen tilbake til heimbygda og vart lensmannsbetjent i Ørsta.

I 2005 vart han tilsett som lensmann i Ørsta, og i 2013 tilsett som lensmann i Volda og Ørsta. Frå 2017 vart han lensmann i det nydanna Indre Sunnmøre lensmannsdistrikt, som i tillegg til Volda og Ørsta også femner om Stranda og Sykkylven.

Sidan 2005 har Hagen vore driftseiningsleiar og medlem av politimeisterens leiargruppe.

Gir ros til frivilligheita

61-åringen kan no sjå tilbake på ei politikarriere prega av ei rivande utvikling både når det gjeld teknologi og kommunikasjonar.

– Eit vegskifte vart nådd i 2008 med opninga av Eiksundsambandet, som knytte Søre Sunnmøre meir saman, seier lensmannen i pressemeldinga.

– Frå 2014 vart vaktsamarbeidet vidareutvikla og politiet kunne innføre døgnkontinuerleg patruljeteneste styrt av operasjonssentralen i Ålesund. Dei siste restar av heimevakt var historie.

Politiet har fått betre kompetanse, utstyr og materiell og tenesta er i dag moderne.


Vartdal skyttarlag sine våpenskap er funne

18 rifler vart stole frå skyttarlaget på Vartdal i fjor. No er våpenskapa funne.


Samfunnsberedskap har alltid vore hjartebarnet til Guttorm Hagen.

– Eg er svært glad for at vi har greidd å utvikle eit godt samarbeid med dei frivillige organisasjonane og kommunane i ei velfungerande eining, seier han.

– Ørsta Røde Kors, Volda Røde Kors, Norske Redningshunder og Sunnmøre Alpine Redningsgruppe har vore gode støttespelarar i leite- og redningsaksjonar.


Maja Justina Herner sakna i Ørsta:

Gjorde nytt søk etter sakna polsk kvinne etter tips

Observasjonar frå publikum gjorde at ei politipatrulje vart sendt til fjells i Ørsta i nyårshelga.