Ordførarane i Ørsta og Volda støttar Ålesund-ordføraren:

– Vi er så fordømmade avhengig av kvarandre

Ørsta-ordførar Stein Aam rykker ut med full støtte til Ålesund-ordføraren sin kamp for Ålesund sjukehus. Også Volda-ordføraren støttar opp.

Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp) seier han støttar Ålesund-ordføraren sin kamp for Ålesund sjukehus.  Foto: Ivar Lid Riise / Staale Wattø

Nyheter

Ørsta-ordførar Stein Aam har lese brevet som Ålesund-ordføraren vil sende til Helse Midt-Norge. Han rykker ut og støttar Eva Vinje Aurdal hundre prosent når ho ønskjer PCI-behandling og PET-skanning på Ålesund sjukehus.