Mann og kvinne må i fengsel etter fyllekøyring på badestrand

Paret i 20-åra var på telttur på Blimsanden og drakk store mengder alkohol. Utpå natta køyrde dei seg fast i sanden. No er begge dømde til fengsel.
Nyheter

Ei natt i juli var ein mann og ei kvinne i 20-åra på telttur på Blimsanden i Giske. Ifølgje dommen frå Sunnmøre tingrett drakk dei ein heil del alkohol, men utpå natta skjedde det som kostar dyrt for både mannen og kvinna.