Mann til lege etter krasj med lyktestolpe

Ein mann i 20-åra er mistenkt for ruskøyring etter eit trafikkuhell i Ørsta fredag ettermiddag.
Nyheter

Politiet i Møre og Romsdal melder fredag ettermiddag om eit trafikkuhell i Mosmarka i Ørsta.

Ein bil har køyrt i grøfta og treft ein lyktestolpe.

Første meldinga gjekk ut på at mannen verka uskadd. Seinare skriv politiet at mannen er køyrd til legevakt for sjekk, tilsynelatande lettare skad/uskadd.

Han blir meld for brot på vegtrafikklova paragraf 3, samt for køyring i rusa tilstand.

Politiet tok førarkortet frå mannen, og bilen er avskilta på grunn av at det låg inne krav om avskilting på bilen.