Endeleg kunne Hareid kommune investere:

Hareid sentrum blir snart ikkje til å kjenne igjen

Ei rekkje store endringar er i ferd med å skje i Hareid sentrum. Og fleire er på veg.
Nyheter

– Vi ser allereie ringverknadene av at vi vedtok å bygge helsehus, seier fersk ordførar Bernt Brandal (Folkelista) til Sunnmørsposten.

Nokre har kanskje merka seg ei stor gul kran i Hareid sentrum. Denne blir brukt til bygginga av det nye helsehuset.

I dette huset kjem legekontor, fylkestannlege, NAV og bibliotek. Huset blir på tre etasjar over ein parkeringskjellar.

– Vi trengde eit løft for Hareid sentrum. No får vi det, smiler ordførar Brandal.


Bernt Brandal ny ordførar i Hareid

Bernt Brandal (Folkelista) blir ny ordførar i Hareid. Annika Brandal (Venstre) får rolla som varaordførar.


Coop satsar nytt

Ein av ringverknadene Bernt Brandal siktar til er at Coop har valt å satse stort i Hareid sentrum. Det store bygget i sentrum, som strekk seg heilt frå tunnelen og bort til det nye helsehuset, blir rive.

Dette bygget har inkludert både Coop-butikk, frisør, badebutikk og leilegheiter. No vel Coop å rive bygget for å kunne bygge ein ny, stor butikk.

– Coop Extra-butikken blir stengt 30. november. Det ser no ut som rivinga startar tidleg på nyåret, seier Lars Ove Valaas-Breivik, direktør for eigedom i Coop Nordvest.

SKISSE: Når alt er ferdig vil den nye Coop-butikken og helsehuset sjå slik ut.   Foto: Skisse av Sportstøl Arkitekter



Den nye Coop-butikken kjem på plass etter helsehuset, men det er vanskeleg per no å kome med ein eksakt dato.

Medan Hareid blir utan Coop-butikk ein periode får dei fast tilsette tilbod om å jobbe på andre Coop-butikkar i regionen.

STORE ENDRINGAR: Bernt Brandal (Folkeslista) har berre vore ordførar i Hareid i to veker, men har nok å henge fingrane i. Det skjer store endringar i Hareid sentrum no. Bak Brandal ser vi området der det nye helsehuset kjem. Ved sida av helsehuset kjem ein heilt ny Coop-butikk.  Foto: Einar Orten Trovåg

Miljøgate og nyoppussa rådhus

Endringane i Hareid sentrum stoppar ikkje der. Kjøpmannsgata, som grovt sagt går mellom Hareid kyrkje og dagens Coop-butikk, blir ombygd til ei såkalla miljøgate. Prosjektet kostar nærare åtte millionar kroner og har tatt tid å sluttføre. Men no er det truleg berre snakk om dagar før gata kan opnast.

Gata ligg like ved rådhuset til Hareid, som også har vore gjennom store endringar.

Faktisk er det berre nokre månader sidan dei tilsette i Hareid kommune fekk flytte tilbake til rådhuset sitt. I om lag eitt og eit halvt år måtte dei leige lokale i Hareidsmyrane, sidan det var helsefarleg å jobbe på rådhuset som følgje av asbestfunn.

No er altså dei tilsette tilbake på rådhuset.

– Vi har fått trivelege og flotte lokale, seier ordførar Bernt Brandal.


Valg 2019:

Desse skal vere ordførar i komande periode

Ordførarspørsmålet er no avklart i alle kommunane på Nordvestlandet.


Batteribygg og fotballhall

Også mellom rådhuset og ferjekaia har det kome eit nytt bygg: Fjord1 sitt omdiskuterte batteribygg. Mange frykta det ville hindre utsikta mot sjøen. Men no som bygget snart er ferdig ser det ikkje så ille ut.

– Vi får dessutan glede av at rådhuset og helsehuset kan forsynast med overskotsvarme frå batteribygget. Straumen får vi gratis, seier Bernt Brandal.

Nokre steinkast frå sentrum, like vest for Hareid ungdomsskule, kjem det også i næraste framtid ei stor endring: Ein innandørs fotballhall.

Hallen hadde snart kanskje vore ferdig allereie om det ikkje hadde vore for at stålkonstruksjonen vart øydelagt tidlegare i haust. Prosessen vart derfor sett fleire steg tilbake.

Men hallen skal i staden vere ferdig til våren, utan at kommunen eller idrettslaget blir økonomisk skadelidande.


Ute av Robek

Grunnen til at Hareid etter mange magre år kunne begynne å investere igjen var at dei i 2017 endeleg var ute av Robek-lista, det vil seie «Register over kommuner underlagt betinget statleg kontroll og godkjenning».

– Vi er inne i ein kjekk periode akkurat no, men samtidig veit vi at både Hareid kommune og andre kommunar har store økonomiske utfordringar, seier Bernt Brandal.

FORSEINKA: Natt til 1. oktober vart stålkonstruksjonen på den nye fotballhallen skadd. Grunnen var vind. Ein måtte derfor ta ned alt stålet og starte på nytt.   Foto: Einar Orten Trovåg