Stor demonstrasjon i Molde før møtet i utdanningsutvalet:

300 elevar skulkar for å seie meininga si

300 elevar frå heile Møre og Romsdal reiser måndag til Molde for å seie klart frå om at dei ikkje aksepterer kutt i studietilbodet i fylket.

Elevrådsleiar Emma Krohn Dale meiner elevane burde få godkjent fråver for å demonstrere mot kuttplanane. 

Nyheter

– Dette er elevar som er dritsure og som tenkjer at det ikkje er greitt med kutta som er føreslått, seier Emma Krohn Dahle, elevrådsleiar på Ålesund vidaregåande skole og elev ved linja for media og kommunikasjon.