Rusa mann stoppa i trafikkontroll

Ein mann er sikta for promillekøyring etter ein kontroll natt til søndag.
Nyheter

Politiet i Møre og Romsdal melder om eitt tilfelle av promillekøyring like før klokka 03 natt til søndag.

Ein mann er stansa i trafikkontroll på Straumgjerde i Sykkylven. Førar var rusa og sak blir oppretta, melder politiet på Twitter.

På Nordfjordeid blei ein mann i 20-åra vist vekk frå ein utestad, etter at han skal ha vore trugande og slått til to vakter. Mannen blei køyrd vekk frå staden.

Dei fornærma vil kan hende politimelde mannen i ettertid, ifølgje Twitter-meldinga frå Vest politidistrikt.