Likevel millionar til Stad Skipstunnel

5 millionar til Stad Skipstunnel på Statsbudsjettet.

Tunnel: Slik kan Stad skipstunnel verte. 

Nyheter

Regjeringspartia har blitt samde om å løyve 5 millionar kroner på Statsbudsjettet 2020 til å sikre framdrifta i vidare planlegging av Stad Skipstunnel, skriv ordførar Alfred Bjørlo i Stad kommune i ei pressemelding.

– Vi er glade og letta over at Høgre, Frp, Krf og Venstre på Stortinget no sikrar at framdrifta i arbeidet med Stad Skipstunnel kan halde fram, slik at det er mogleg med byggestart for Stad Skipstunnel i 2021 som føresett i Nasjonal Transportplan. Det seier Alfred Bjørlo (Venstre, ordførar i Stad kommune), Stein Robert Osdal (Krf, ordførar i Selje kommune), Geir Årvik (Høgre, Leiar i Samfunns- og næringsutvalet i Stad kommune) og Per Tore Borgund (leiar i Stad Frp).


Per Sævik om Stad skipstunnel:

Per Sævik om Stad skipstunnel: – Grensen nådd for politikernes troverdighet

- Vi er kommet til grensen når det gjelder politikernes troverdighet. Alle parti har ja til Stad skipstunnel i sine program uten at noe har skjedd, konstaterer Per Sævik.


– Det som no er viktig er at Kystverket får naudsynte midlar til å jobbe med vidare planlegging av prosjektet, og til det har H, FrP, KrF og V sett av kr. 5 mill i Statsbudsjettet. Eg er sjølvsagt både glad og takksam for at ein no tildeler midlane vi ba om i denne runda, slik at planlegginga held fram til den store løyvinga må kome i budsjettframlegget neste haust.

Gratulerer til alle som brenn for trygg ferdsel rundt Stad, og har kjempa for at skipstunnelen skal realiserast. Vi er no eitt steg nærare målet, seier ordførar Lena Landsverk Sande i Vanylven.


Tunnel-veteran kjenner frustrasjon i heile kroppen

– Eg er frustrert så det held, no. Ja, eg trur eg må på fjellet for å få friskare luft, seier Jan Helgøy - tidlegare KrF-ordførar i Vanylven og skipstunnel-pådrivar i over 30 år.