Geiranger-Langvatn opna etter bilberging

Vogntoget som stod fast er lengre enn det som er tillate på den smale vegen.

FAST: Semitrailer fast på Geirangerfjellet i Bjåfjellsvingen på fylkesveg 63.  Foto: Øystein Maraak

Nyheter

Fylkesveg 63 Geiranger-Langvatn er opna etter at eit vogntog fekk stans i Blåfjellsvingen på veg til Djupvasshytta, opplyser Vegtrafikksentralen. Vegen har vore stengd sidan litt over klokka 05 i dag. Dermed var vegen stengd i tett på åtte timar.

På den smale vegen er maks billengde 15 meter. Dette vogntoget er lengre enn 15 meter, opplyser Vegtrafikksentralen til Sunnmørsposten.

- Det har vore involvering også frå politiet i samband med berginga, opplyser Vegtrafikksentralen.