Molde og Kristiansund

Helgestengt fødeavdeling

Fødeavdelingane i Molde og Kristiansund skal veksle på å ha helgestengt.

Illustrasjonsbilde.  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Driftssituasjonen ved fødeavdelingane i Kristiansund og Molde er krevjande. Fire helger fram til nyttår vil Kristiansund og Molde veksle på å tilby fødselshjelp, skriv Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding.

– I haust har vi opplevd aukande utfordringar med bemanninga ved fødeavdelingane både i Kristiansund og i Molde. Tilsette opplever ei stor belastning med meirarbeid, overtid og utstrekt bruk av eksterne vikarar, noko som kan få negative konsekvensar for pasienttilbodet, seier Elisabeth Siebke, konst. klinikksjef i klinikk for kvinner, barn og ungdom.

– For å betre bemanningssituasjonen ved dei to fødeavdelingane har det vore lyst ut stillingar både i Kristiansund og Molde, men avdelinga har dessverre ikkje lukkast godt nok med rekrutteringa, seier Siebke vidare i pressemeldinga.

Avdelinga som er helgestengt for fødande skal vere bemanna med ei jordmor og ein barnepleiar heile døgnet. I tillegg skal gynekolog vere i vaktberedskap som normalt.

Etter nyttår blir det gjort ei ny vurdering av driftssituasjonen og behovet for tiltak, melder helseføretaket.