Ap vil behalde heile støtta til Globalskolen

Ap vil sløyfe heile kuttet på tre millionar. SV nesten heile.

Internasjonalt nettverk: Globalskolen har nesten 1400 elevar. Her ser vi to av dei: Magnus og Stella Aasen McIntyren. Mora deira Ingvill følger interessert med på nettundervisninga.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

Regjeringa foreslår å redusere statsstøtta til dei to nettbaserte skulane for norske barn i utlandet. Ein av dei er Globalskolen med hovudbase i Volda. Kuttet regjeringa har presentert i sitt forslag til neste års statsbudsjett, er på 3 millionar kroner.