Finansministeren besøkte kutt-truga linje

Teselskap med delikate smårettar venta finansminister Siv Jensen (Frp) då ho besøkte Ørsta vidaregåande skule måndag.

Ministerbesøk: Finansminister Siv Jensen (Frp) blei invitert i ettermiddagste-selskap med lokale politikarar og næringsliv. Dei kjempar no for å få behalde linjene for restaurant og matfag og design og handverk ved Ørsta vidareågande skule.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Linja for restaurant- og matfag ved Ørsta vidaregåande skule er på fylkesrådmannen si kuttliste. Finansminister Siv Jensen fekk eit innblikk i kampen for å behalde tilbodet under teselskapet elevane hadde stelt i stand måndag ettermiddag.