< Bedrifter ber for matfaget - smp.no/nyheter – Nyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Stranda:

Bedrifter ber for matfaget

Store bedrifter innan matproduksjon og reiseliv er svært urolege over at Restaurant- og matfag kan bli lagt ned ved Stranda vidaregåande skule.

Skule: Restaurant- og matfag ved Stranda vidaregåande skule er igjen i faresonen.  Foto: Sunnmøringen

Nyheter

– Vi ber om at alle steinar blir snudd for å kunne oppretthalde denne utdanninga på Stranda, skriv representantar for Orkla Foods Norge, Norsk Sjømat, Ole Ringdal, Stranda Hotel, Hotel Union Geiranger og Grilstad.

I ei pressemelding påpeikar dei seks bedriftene at matindustrien og reiselivet i Stranda har god fart framover. Det er investert store summar og det ligg føre offensive planar for vidare satsing.


Stranda og Sykkylven

Skular kan bli slått saman

Felles vidaregåande skule for Sykkylven og Stranda, med ei avdeling kvar i dei to kommunane.


Viktig for rekrutteringa

– Motivert og faglært arbeidskraft er heilt avgjerande for å lukkast framover – både for å skape ein effektiv og kvalitetsorientert industri og for å sikre gode matopplevingar som ein viktig del av reiselivsproduktet.

Dei legg til at samarbeid med skulen har for bedriftene vore svært viktig gjennom fleire år for å sikre rekruttering og for å hjelpe til med fagutdanning og opplæring av tilsette.


Skulen er mellom dei minste, men:

Ungdomsbedriftene frå Stranda blir lagt merke til

Skal ein hevde seg, må ein følgje med på trendane og tenkje nytt. Det gjer ungdomsbedriftene ved Stranda vidaregåande skule.


– Det har i periodar vore vanskeleg å få nok søkjarar til Restaurant og matfag ved Stranda vgs., og skulen og bedriftene har engasjert seg for å gjere tilbodet og framtidig attraktive arbeidsplassar kjent. Etter det vi forstår frå skulen, ser det ut til at denne marknadsføringa saman med den auka merksemda industri og reiseliv på Stranda har hatt den siste tida, gir resultat. Det har aldri vore større interesse frå elevane om dette skuletilbodet enn det skulen no har registrert, legg dei seks bedriftene til.


Kronikk 29. september:

«Ein unik skulekultur for framtidas verdiskaping»

Stranda vidaregåande skule, den einaste vidaregåande skulen i indre Storfjord, kostar Møre og Romsdal fylke 25 millionar kroner i året. Summen finansierer 30 tilsette og 174 elevar.


Stor vekstkraft

Dei har også merka seg at skulen i bygda har arbeidd godt med «Ungt entreprenørskap», og at ungdomsbedriftene ofte har vore fokusert på mat.

– Vidareutvikling av dette miljøet kan vere svært viktig for å få etablert eit større mangfald av mat- og reiselivsprodukt som kan gi stor vekstkraft framover, skriv dei vidare.


Skal kjempe for Stranda vgs

Det blinkar eit raudt lys for Stranda vidaregåande skule. Norconsult føreslår å flytte fleire klassar frå Stranda.


Og legg til at sett frå deira side vil det vere ein stor feil å legge ned tilbodet samtidig som ein ser ut til å fange vesentleg større interesse frå elevane, og behovet for motivert og faglært arbeidskraft er veksande.