Aktlaust, men ikkje bevis for brannårsaka:

Dømde for å ha gått frå levande lys

Mannen og kvinna forlét huset utan å forsikre seg om at alle levande lys var sløkte. Like etter stod huset i brann.

brann vartdal september 2017  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Søre Sunnmøre tingrett har dømt ein mann og ei kvinne i 40-åra for aktløyse etter ein husbrann på Vartdal i september 2017. Begge er dømde til å betale 4.000 kroner i bot.