Kravet om nullutslepp:

Cruiseskip kjem truleg til å droppe verdsarvfjordane

Blir møtt med strengare utsleppskrav: Cruiseskipet «Crown Princess» i Geiranger.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Cruiseskip segler forbi hamner Flåm og Geiranger på grunn av strenge miljøkrav. Andre stadar er talet på cruiseanløp mangedobla. Det skriv NRK.

– Krav om nullutslepp i Geiranger og Flåm gjer at vi truleg må segle forbi, seier Sandra Diana Bratland, leiar i Carnival Norway.

Neste år blir det innført strengare miljøkrav til verdsarvfjordane. Frå 2022 blir krava ytterlegare skjerpa, før det blir krav om nullutslepp i verdsarvfjordane Flåm, Geiranger og Nærøyfjorden frå 2026.



NRK opplyser at Nordfjordeid, der krava til utslepp ikkje er like strenge, ventar 50 skip i 2021, mot 19 i år.

Hamnesjefen i Geiranger, Rita Berstad Maraak, trur fleire reiarlag vil velje bort Flåm og Geiranger, og heller velje destinasjonar som Nordfjordeid fordi miljøkrava der ikkje er så strenge.

– Krav om nullutslepp i 2026 kan bety null cruiseskip til Geiranger, seier Berstad Maraak.


Strenge miljøkrav i Geirangerfjorden frå 2026

Fryktar konsekvensane av cruise-vedtak

Frå 2026 får berre utsleppsfrie cruiseskip lov til å segle inn til Geiranger. Det vil bety konkurs for Stranda hamnevesen, spår Frank Sve - nestleiar i hamnestyret. Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) deler ikkje denne frykta.



Flere kommuner vurderer å innføre turistskatt

Stranda og Stryn vurderer turistskatt

Kommuner som har noen av Norges mest besøkte turistmål, vurderer å innføre turistskatt. Hvordan skatten skal innkreves, er fortsatt uklart.