Trafikkulykke i Skodje: Bil enda på taket

Politiet melde onsdag kveld om ei trafikkulykke i Engesetdalen i Skodje.
Nyheter

En bil har køyrd av vegen og enda på taket, skriv Møre og Romsdal politidistrikt i ei twittermelding klokka 21.40. Personane i bilen skal vere oppegåande og ute av bilen, skriv dei i meldinga.

Operasjonsleiar John Bratland i politiet seier til Sunnmørsposten at det berre var ein bil involvert i hendinga. Dei fire om bord i bilen blei køyrd til Ålesund sjukehus for ein sjekk, nokre av dei hadde mindre kuttskadar, ifølgje Bratland.

Operasjonsleiaren kan ikkje seie noko om årsak til ulukka. Han stadfestar, på spørsmål frå Sunnmørsposten, at det var glatt på staden.

– Det var vinterføre på staden, ulukka skjedde på ein god gamaldags vinterveg, seier Bratland.

Ulukka skjedde på fylkesveg 5942 Engesetdalsvegen, ifølgje politiet.