Klimavennleg skip utvikla i Ålesund vant tysk pris

Ein tysk storjury gir designpris til Ålesund-gründer med miljøambisjonar.

Vindskip: Prosjektet har fått støtte frå Innovasjon Norge, Skattefunn, Ålesund kunnskapspark og Regionale Forskingsfond Midt-Norge  Foto: Lade AS, Ålesund

Nyheter

Målet deira var å utvikle eit skip som i stor grad reduserer klimagassutsleppa samanlikna med andre skip i internasjonal skipsfart. Det forklarar Lade AS, starta av gründer Terje Lade i ei pressemelding.

Han har ifølge meldinga kombinert kunnskap om speed-segling og -flyging.

Juryen består av 37 ekspertar frå ulike fagfelt innan industri, akademia, vitskap og design. Prisen vert delt ut i Frankfurt 7. februar 2020.

Prisen heiter «German Design Award 2020» og klassen Lade vann i «Excellent Product Design, Conceptual Transport».


- Det er eit lite skritt. Men i det minste er det eit skritt.

Eit lite, men stort grønt steg: I helga vart ein heilelektrisk fartsbåt sett i drift i Geiranger.


Samarbeider med naturkreftene

«I staden for å kjempe mot naturkreftene med motorkraft», nyttar Vindskip vind, straum og bølgjer til framdrift. I tillegg har skipet motorar som går på flytande gass (LNG), som «saumlaust bidreg til naturkreftene etter behov» som det heiter i meldinga.

LNG kan bytast ut med biogass når dette drivstoffet vert kommersielt tilgjengeleg. Også solceller og batteri vil gi bidrag til energibruken om bord.

Første versjonen av skipet er eit bilskip med plass til 6 600 personbilar. Tanken er å tilby bilprodusentane mest mogeleg miljøvennleg frakt av elbilar over Atlanterhavet.


Geiranger:

Lufta er ikkje friskmeld, men Geiranger er på rett veg

Det er framleis for mykje svevestøv og Nox-gassar i lufta i Geiranger. Men i år fann ein ikkje spor etter svovel.


Moderne datastyring

I tillegg er det utvikla eit nytt datastyringssystem som hjelper kapteinen å velje den til ei kvar tid beste kursen, slik at skipet alltid kjem fram til nøyaktig rett tid. Skipet kan også opererast autonomt.

Det er klart for bygging så snart dei rette investorane og nødvendig finansiering kjem på plass. Designa kan også brukast til andre typar skip.