Ulstein vidaregåande skule:

Lærarar går ut i politisk streik

Protesterer mot fylkespolitikarane.

Lærarane går ut i streik: Ulstein vidaregåande skule.  Foto: Torill Myren.

Nyheter

Lærarar ved Ulstein vidaregåande skule går måndag 25. november ut i politisk streik grunna situasjonen til vidaregåande skule i Møre og Romsdal Fylkeskommune.

– Protesten vår er ikkje i hovudsak retta mot fylkesadministrasjonen, men mot fylkespolitikarane som er ansvarlege for den økonomiske situasjonen som fylket er i for tida. Kutta som må gjennomførast i budsjetta for å kome à jour med underskota i rekneskapen og for å bygge dei nødvendige fond i fylket er, etter vårt skjøn, så store at dette vil påverke elevrettar til timetal, forsvarleg undervisning og eit god utval av fagtilbod. I tillegg så har ein sett seg som mål å ha ei gjennomføringsgrad på 90 prosent i vidaregåande skule. Her bryt ein med lovpålagt minstetal i undervisningstimar, då vi ikkje kan sjå at det er mogleg å gjennomføre minstetimetalet med dei kutta som ligg føre. Det er politikarane sitt ansvar å fatte vedtak i tråd med lov og forskrift på dei tenestene som dei er lovpålagt å tilby, seier Nils Olav Brekke, arbeidsplasstillitsvald ved skulen.

Lærarane rekk ikkje heilt til Molde innan klokka 17.00 for å delta i stormønstringa der, men vil halde sin eigen aksjon ved å legge ned arbeidet mellom klokka 14.00–16.00. Dette er i tråd med Utdanningsforbundet.

– Denne politiske aksjonen vart til på kort varsel, så pr. dags dato så er det 14 lærarar frå Utdanningsforbundet som har engasjert seg. Vi tykkjer det er bra at så mange klarer å stille på så kort varsel, seier Brekke i ei pressemelding.