Ny tilsett på konserninnkjøp i Ålesund:

Skal hjelpe til med å heve klimasatsinga

Det skal stillast strenge miljø- og klimakrav i anskaffingane som kommunane gjennomfører.

Ny stilling: Anna Zäll er nytilsett i Ålesund kommune. Her i lag med innkjøpssjef, Konserninnkjøp i Ålesund kommune, Jonny Indrevåg (t.v.) og Einar Haram frå Sunnmøre Regionråd IKS. 

Nyheter

Anna Zäll er tilsett som medarbeidar i Konserninnkjøp i Ålesund kommune. Ho skal hjelpe kommunane i Sunnmøre regionråd og Innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre med å heve klimasatsinga ved å stille strenge miljø og klimakrav i anskaffingane som kommunane gjennomfører. Dette kjem fram i ei pressemelding frå Ålesund kommune.

Stillinga er ei prosjektstilling over to år som kommunane har fått tilskot til frå miljødirektoratet. Den skal bidra til å sette fart på det grøne skiftet ved at det offentlege brukar sin innkjøpsmakt til å sette strenge miljø og klimakrav til det som vert kjøpt inn til kommunane.

Sunnmøre regionråd IKS har saman med kommunane Giske, Hareid, Herøy, Norddal, Stranda, Sykkylven, Volda og konserninnkjøp i Ålesund, søkt og fått midlar frå miljødirektoratet til denne stillinga. Alle kommunane som er med i Sunnmøre regionråd og i innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre vert omfatta av dette arbeidet.

Prosjektet skal samarbeide med andre byar og regionar som har fått slikt tilskot, blant andre Stavanger, Karmøy, Kristiansand og Oslo.

Det er Sunnmøre Regionråd IKS ved Einar Haram som skal ha prosjektleiinga. Han skal saman med Næringssjef Inge Bjørdal i Stranda kommune sørge for naudsynt rapportering til miljødirektoratet. Konserninnkjøp i Ålesund kommune er arbeidsgjevar og der skal Anna Zäll ha sin arbeidsplass.

Dette prosjektet vil hjelpe kommunane til å gjera ein forskjell på klima og miljøarbeidet rundt offentlege anskaffingar, heiter det i pressemeldinga.