Framleis uavklart for Havsul I

NVE varslar om at det ikkje vil bli gitt forlenga frist utover 31.12.2021 for vindkraftverk på land.

Kart: Konsesjon er gitt for eit 49 km² stort felt vest av Harøya og Ona, der det er mange grunne område og enkelte holmar. Møllene er tenkt festa på havbotnen, på 9–30 meters djupne. Kart: NVE 

Nyheter

Det ferske vedtaket i NVE gjeld ikke Havsul I, seier Ingunn Åsgard Bendiksen i NVE til Sunnmørposten.

Havsul I er eit planlagt større vindkraftverk i havet nokre kilometer utanfor Harøya og Ona. For dette vindkraftverket går det ei eiga sak, seier Bendiksen.

Den nye praksisen gjeld for vindkraftkonsesjonar på land. Det er gitt vel 90 konsesjonar til vindkraftanlegg (ca 22 TWh) på land i Norge. 3. kvartal var 6,7 TWh i drift og 7,3 TWh under bygging, melder NVE.

Per i dag er det eit kraftoverskot i Norge på rundt 10 TWh.


Dei elskar fuglefjellet og skal protestere mot havvind-prosjekt

Lokalbefolkninga ser på det planlagde vindkraftverket utanfor Harøya, Havsul 1, som ein akutt trussel mot fuglelivet. Dei planlegg no protestmarkering i hovudstaden.



Kjempar mot vindkraft i fuglane sitt matfat

No har kampen mot vindkraftutbygginga Havsul 1 gått eit hakk vidare på Runde.