Vil ha lukka anlegg i Tomrefjorden

Ønskjer å teste ut «oppdrettsegg».

Oppdrettsegg. Teikning: Hauge Aqua 

Nyheter

Hauge Aqua ønsker å etablere eit lukka, sjøbasert, oppdrettsanlegg for laks i Tomrefjord, melder Vestnesavisa. Tomrefjord er ein av tre stader i Romsdalsfjorden der selskapet vil prøve ut den nye teknologien.

Egget er ifølgje selskapet ei flytande, lukka eining som tar bort faren for rømming og infeksjon med lakselus, og der ein unngår utslepp av lakseluslarvar og slam og fôr.

Selskapet, med hovudkontor i Lindås utanfor Bergen, vil først prøve ut teknologien i Romsdalsfjorden, og vil søke om å få etablere seg i Tomrefjord og sør for Veøya, i tillegg til Geilbukta i Langfjorden i Rauma kommune der dei allereie har søkt.

Det er ikkje fastsett areal til slikt formål i arealplanen i Vestnes. Det er uansett nokre år fram i tid til produksjonsstart.


Patentstyret forkastar innsigelse mot Herøy-selskap

Styreleiar i Herøy-selskapet Marad Norway AS, er glad for at Patentstyret støtter deira syn. No beheld dei patenten som Hauge Aqua AS leverte innsigelse mot.