Ordførar blir barne- og ungdomsleiar på heiltid

Stein Robert Osdal (KrF), avtroppande ordførar i Selje kommune, er tilsett som ny dagleg leiar i KFUK-KFUM Sogn og Fjordane.

Jobbytte: Stein Robert Osdal sluttar som ordførar i Selje, og tek til i KFUK-KFUM. (Arkivfoto) 

Nyheter

– Ønske om å jobbe meir med menneske har blitt sterkare dei siste åra. KFUK-KFUM er ein organisasjon eg er svært glad i og har vakse opp med i Volda.

– Eg ser fram til å vere med på å utvikle dagens aktivitetar, samt vere med på å skape fleire møteplassar for barn og unge, seier Osdal i ei pressemelding.

Han legg til at særleg har han auge for barn og unge som har større utfordringar i kvardagen enn andre.

Den kristne barne- og ungdomsorganisasjonen KFUK-KFUM driv i Sogn og Fjordane mellom anna Nesholmen leirstad, Ten Sing og barnekor.