Han blir ny meierisjef i Ørsta

Hans Petter Almenning Eldevik (38 år) er tilsett som ny meierisjef på TINE Meieriet Ørsta. Han begynner 1. januar 2020.

Meierisjef: Hans Petter Almenning.  Foto: Tine

Nyheter

Det melder Tine i ei pressemelding.

Hans Petter Almenning Eldevik kjem frå ei stilling i Nordvestvinduet AS der han har vore LEAN-ansvarleg/forbetringsleiar sidan 2016 og han er også styremedlem i selskapet.

Erfaring frå Byrkjelo og Vik

Han har erfaring frå Tine, og har jobba som prosjektleiar på meieriet på Byrkjelo og som kvalitetsleiar og produksjonsleiar på meieriet i Vik.

Almenning Eldevik er utdanna næringsmiddelteknolog frå HIST, og var ferdig der i 2005.

Han tar over etter Bente Reklev, som har gått over i ei stilling som produktrådgjevar for fleire av meieria i Tine som har spesialprodukt, slike som til dømes Ørsta, Tresfjord, Vik og Selbu.

Det har direktør Anne Siri Høiland i Tine-konsernet tidlegare opplyst til Sunnmørsposten.


Ørsta-meieri reddet fra kutt

Tine bekrefter at de ikke blir endringer for meieriet i Ørsta.


Mellombels leiar

1. august vart Gunn Røysland tilsett som mellombels sjef for meieriet i Ørsta, medan ein søkte etter ein ny sjef.

Anlegget til Tine i Ørsta produserer Edamer, Snøfrisk og Kvitlin kvitost, Kremgo og Snøfrisk kremost.

Det blir produsert ca. 2300 tonn ost årleg. Meieriet har til saman 48 fast tilsette.