Kvinne til sjukehus etter trafikkulukke

Ei kvinne er send til sjukehus med luftambulanse etter at to bilar kolliderte i Skodje fredag ettermiddag.
Nyheter

To bilar kolliderte fredag ettermiddag på fylkesveg 526 ved Steinset i Skodje. Det er meldt om personskade, skreiv Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter klokka 13.29.

– To bilar var involvert og to personar, opplyser operasjonsleiar Roar Fylling til Sunnmørsposten.

Ei kvinne blei send med luftambulanse til sjukehus etter ulukka. Fylling kjenner ikkje til skadeomfanget, men kvinna var bevisst. Den andre bilføraren verka for å vere uskadd, men vil truleg bli sjekka av lege.

Fylkesvegen mellom Kverve og Stette var stengt på grunn av trafikkuhell, men like etter klokka 14 skal det vere råd å passere, sidan det er manuell dirigering på staden.