Norled skal drive ferjer på ytre søre

Norled AS er tildelt kontrakt for ferjesamband på ytre Sunnmøre.

Kontrakt: Norled har fått kontrakt på drift av tre ferjesamband på søre Sunnmøre.  Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Nyheter

Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt kontrakt for ferjesambanda Volda-Lauvstad, Årvik-Koparnes og Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya til Norled AS.

Kontrakten vil gjelde frå 1. januar 2021 og fram til 31. desember 2031.

Det var fire reiarlag som leverte tilbod i konkurransen, ifølgje pressemeldinga frå fylkeskommunen.


Eierskifte i ferjeselskapet Norled

Ferje- og hurtigbåtselskapet Norled selges til internasjonale kjøpere.


Møre og Romsdal fylkeskommune har ein svært pressa økonomi i åra framover, og skal redusere driftsnivået.

– Det er difor veldig gledeleg at det har vore stor konkurranse om denne kontrakten, seier Jesper Wiik i samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kaianlegga knytt til Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya vil bli bygd om, slik at det frå 2025 blir sett inn ei nyare og større ferje på sambandet.

Sambandet Årvika-Koparnes får miljøferje frå 2022.

– Dette gir ein kraftig reduksjon i utslepp, og er eit viktig tiltak i det grøne skiftet, skriv fylkeskommunen.