Sikta for seksuelt krenkande atferd overfor barn

Politiet er heilt i starten av etterforskinga, opplyser Vest politidistrikt til Fjordenes Tidende.

illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB scanpix  Foto: Berit Roald

Nyheter

Ein mann i 40-åra frå Sogn og Fjordane er arrestert og sikta for seksuelt krenkande åtferd overfor barn under 16 år.

Den seksuelt krenkande åtferda skal ha blitt gjort over internett, seier politiadvokat Kristine Knutsen-Berge i Vest politidistrikt til Fjordenes Tidende.

Mannen er også sikta for å ha lagra overgrepsmateriell.

– Politiet er heilt i starten av etterforskinga, og det er av stor betydning for oss å få sikra sentrale personar sine forklaringar, seier Knutsen-Berge til avisa.