Trafikkulykke på E39

  Foto: Heiko Junge

Nyheter

Ein bil køyrde måndag kveld utfor vegen i området mellom Nordre Vartdal og Masdal på E39 i Ørsta kommune.

Oppdatering frå politiet, klokka 19.54: Ein person i bilen då ulykka skjedde. Vedkomande er ute av bilen. Står fram som lettare skadd. Bilen ligg på taket og eine køyrefeltet er sperra. Trafikkdirigering.

– Bilberging er tinga og er på veg. Politiet har ikkje kome fram til staden, opplyste operasjonsleiar Per Åge Ferstad til Sunnmørsposten klokka 20.20.

– Er det glatt der ulykka skjedde?

– Det er godt mogleg. Vi er som sagt ikkje akkurat der det skjedde. Vegtrafikksentralen er varsla om ulykka og når vi kjem fram blir det også gjort ei vurdering om det er glatt eller ikkje og eventuelt gitt varsel om behov for strøing.

Det er varsla svært glatt føre frå natt til tysdag.

– Det kan bli vanskelege køyreforhold. Oppmodinga er å ha gode dekk på bilen og ta det med ro, seier Ferstad.

Klokka 22.09 opplyste Vegtrafikksentralen at vegen var opna igjen.