Minneord over Ragnar Ulstein (1920 - 2019):

«Nasjonens minnesamlar. Krigens arkivar.»

Det er tunge heiderstitlar som er festa til Ragnar Ulstein, titlar som speglar arbeidet hans med å dokumentere den norske motstandskampen under den andre verdskrigen.  

Krigsveteran: Dette bildet av Ragnar Ulstein i uniform, ble tatt våren 1945.   Foto: Privat

Nyheter

Krigsveteranen Ragnar Ulstein var ein krigar i heile sitt liv, som journalist og krigshistorikar også i freden. Han kjempa for rettane og ettermælet til dei som gjekk i strid for landet, mange av dei merkte og øydelagde. Og han sikra vitnemåla deira for ettertida. Ingen andre dokumenterte så mange historier frå motstandskampen som han.