Furene AS kan vise til nokre av landets beste tal når det kjem til å få personar ut i arbeid igjen - men:

– Dei som står lengst unna arbeidslivet får det berre tøffare med å kome tilbake i jobb

Må også satse på dei «usynlege»: Eldor Skeide, administrerande direktør i Furene AS, trur at samfunnsutviklinga gjer at det kan bli veldig tøft for stadig fleire av dei som står lengst unna arbeidslivet å kome seg ut i arbeid igjen – dersom ikkje verkemiddelapparatet rundt dei blir satsa meir på.  Foto: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL

Nyheter

(Vikebladet.no) – Dette er ei ganske stor gruppe menneske, som står lengre unna arbeidslivet enn andre. Som anten har vore ute av det lenge, og som følgje av det slit med å kome tilbake – eller som grunna samansette utfordringar ikkje kan gå inn i ein ordinær jobb utan god tilrettelegging. Denne gruppa hamnar utanfor den ordinære arbeidsløysestatistikken, fordi dei ikkje er ordinære arbeidssøkjarar per dags dato, seier Eldor Skeide, administrerande direktør i Furene AS.

Ikkje like roseraudt for alle

Vikebladet Vestposten møtte Skeide på avdelingskontoret i Ulsteinvik. Gjennom god oppfølging har Furene hjelpt meir enn 150 personar på Søre Sunnmøre med å få arbeid – til no i år. 7 av 10 av dei som har deltatt i oppfølgingstenesta til Furene får jobb eller utdanning – og på dette er verksemda blant dei tre beste i heile Norge. Og, gjennom arbeidsførebuande trening – eit tiltak for dei som har vore lenge ute av arbeid – har nesten 6 av 10 kome seg i arbeid eller starta på utdanning.

Det er svært gode tal frå verksemda som såg dagens lys i 1971 – og som til ei kvar tid har oppfølging med rundt 100 personar, dei fleste på oppdrag frå NAV.

Likevel er det noko som uroar Eldor Skeide.

– Reglane for arbeidsavklaringspengar blei skjerpa nyleg. Dette er pengar ein får når ein går ut av dagpengeperioden. Denne innskjerpinga gjer at fleire må finne ei permanent løysing på situasjonen sin, og det gjer at auken i talet på uføretrygda går kraftig opp. Personane det gjeld treng eit større verkemiddelapparat for å kome i arbeid. Det er der arbeidsførebuande trening per dags dato er det einaste rette tiltaket. Han fortel at det enkelt sagt betyr at dei plassane mynta på arbeidsførebuande trening som eksisterer i dag, ikkje samsvarer med storleiken på denne gruppa menneske.

– Eg seier ikkje dette fordi vi i Furene vil auke vår eigen aktivitet, men fordi desse personane faktisk er avhengige av hjelp frå verksemder som vår for å kome seg i arbeid.

– Ein betydeleg arbeidskraftreserve

Eldor Skeide viser til eit anna perspektiv. Det at mange av dagens framandarbeidarar reiser ut igjen av landet, og at statistikken viser at ein i Norge vil ha alt for lite arbeidskraft om berre fem til ti år.

Skeide meiner ein er langt komne for å dekkje opp dette, om ein til dømes klarer å mobilisere ein større del av dei som i dag står lengst frå arbeidslivet.

– Dette går direkte inn i inkluderingsdugnaden, der målet er å inkludere fleire av dei som i dag står utanfor. Det er ikkje så mykje motstridande når det gjeld det overordna politiske målet – men det er nok litt motstridande når det kjem til verkemiddelapparatet. Vi ser at tiltaket med arbeidsførebuande trening verkeleg verkar. For berre fem år sidan fekk vi kanskje 3 av 10 frå denne gruppa ut i arbeid – no nærmar vi oss 6 av 10. Det er ein enorm forskjell på få år, seier Eldor Skeide.

Ei målgruppe utan talerøyr

Skeide fortel at medan ein i enkelte samanhengar får gehør for behovet for arbeidsførebuande trening, så er det meir lukka øyrer i andre samanhengar.

– Andre grupper har ofte interesseorganisasjonar som står på barrikadane og kjempar for dei. Den gruppa vi snakkar om her er diverre meir usynlege. Personar utan ein eintydig diagnose eller situasjon – utan solid støtte frå diverse organisasjonar. Men – dei har ein ting til felles, dei treng meir hjelp. Det er nettopp her arbeidsførebuande trening er så viktig, og er per dags dato den løysinga som burde få meir fokus retta mot seg, seier Skeide.

Denne saken ble først publisert hos Vikebladet.no.