Den betente språkdebatten i nye Ålesund:

Fleire bokmålsbrukarar røystar for nynorsk

Neste veke skal det betente språkspørsmålet i nye Ålesund kommune avgjerast. Skal Ålesund bli ein nynorskkommune eller vere språknøytral?

RØYSTAR FOR NYNORSK: Hans Endre Sæterøy brukar mest bokmål gjennom jobb, men kan like gjerne nytte nynorsk. Venstre-politikaren kjem til å røyste for at Ålesund blir ein nynorskkommune.   Foto: Privat

Nyheter

– Det er veldig viktig å fremje nynorsken i dette området. Eg forstår godt argumenta for språknøytralitet, men med ein språkbruksplan så blir dette ei god løysing, meiner Hans Endre Sæterøy.