< Ho skal lokke fleire turistar til kysten - smp.no/nyheter – Nyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Ho skal lokke fleire turistar til kysten

Hilde Gråberg Bakke, reiselivssjef i Rauma, er tilsett som reiselivsutviklar i det nyetablerte selskapet Havlandet AS i Herøy.

Nytilsett: Hilde Gråberg Bakke, reiselivsutviklar i Havlandet AS i Herøy..  Foto: Havlandet AS

Nyheter

Hilde Gråberg Bakke (55) vil få ansvaret for reiselivssatsinga til selskapet:

– Eg ser store moglegheiter for auka besøk til dette fantastisk flotte området med så mykje unik historie å by på, seier ho i ei pressemelding.

Reiselivssjef i Rauma

Bakke er busett på Åndalsnes og har jobba med reiselivsutvikling dei siste 11 åra i stillinga som reiselivssjef i Romsdal Reiseliv og Handel SA.

I si noverande stilling har Gråberg Bakke jobba med prosjektleiing, marknadsføring og produktutvikling, samt sal og distribusjon av opplevingspakkar, mellom anna for cruise- og togturistar.

Ho har i tillegg hatt fleire relevante styreverv. Frå tidlegare har ho fleire års erfaring frå undervisning og 15 år med dagleg leiing og drift frå sal- og servicebransjen.

Føremålet med stillinga som reiselivsutviklar er å skape samarbeid og synergiar som vil føre til meir aktivitet, auka besøk, fleire arbeidsplassar og ei profesjonalisering i arbeidet med marknadsføring, vekst og utvikling, skriv Havlandet vidare i pressemeldinga.

Ingen grenser

Hilde Gråberg Bakke seier dei besøkande er ikkje opptekne av grenser.

– Det skal heller ikkje vi vere. Vi ynskjer å skape noko som er autentisk og unikt. Vil de vere med så er det berre å henge seg på. Dette skal vi få til i lag, er bodskapen frå Hilde Gråberg Bakke

Næringslivssjef Merethe Hjertø Flusund fortel at eit ope møte for alle som er interesserte i Havlandet og deira satsing, vil bli arrangert rett over nyttår. Dato vert kunngjort så snart alle detaljar er klare.


Nytilsett i nyleg etablert selskap:

Dette er den nye næringslivssjefen i Havlandet AS

Det er Merethe Hjertø Flusund (50) som har fått jobben som næringslivssjef i selskapet Havlandet AS.