10. klasse ved Åheim ungdomsskule

Vann pris for beste forteljing om stemmeretten

Med historia om Berte frå Syltedalen vann elevane i 10. klasse ved Åheim Ungdomsskule Stortingets skrivekonkurranse om framveksten av stemmeretten her i landet.

Stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen delte ut prisen for beste tekst til 10. klasse ved Åheim ungdomsskule. Frå høgre Maren Aahjem, Emilie Løvold, Rikke Haugen, Viktoria Haugen og Mona Roth   Foto: Geir Strand

Nyheter

Det gav klassen ein tredagars tur til Oslo med omvising i Stortinget, lunsj og ikkje minst premieutdeling i lagtingssalen med stortingspresidenten som prisutdelar.