Dyrare ferjer gjev Vartdal Plast 3 mill. i ekstrautgifter:

– Men verst for pendlarane

Over natta nyttårsaftan får Vartdal Plast tre millionar kroner i årlege meirutgifter på grunn av dyrare ferjer.

Opprør: – Eg oppmodar alle til å støtte distriktsopprøret, seier Jan Endre Vartdal, som ventar at fylkespolitikarane er sitt ansvar bevisst når dei i komande veke skal ta stilling til nye, rådyre ferjetakstar.   Foto: Mørenytt

Nyheter

(Mørenytt): – Autopass-rabatten går ned frå femti til førti prosent, og i tillegg får vi ei takstauke på 3,2 prosent. Dette vil føre til at våre årlege ferjeutgifter aukar frå vel ti til tolv millionar i året. Og så kan ein plusse på ein million i eksrautgifter for våre leverandørar. Utgifter vi må rekne med å dekkje, seier dagleg leiar i Vartdal Plast, Jan Endre Vartdal.