Bjørlo kåra til «Årets kommuneprofil»

Venstre-ordførar Alfred Bjørlo frå Nordfjordeid er kåra til årets kommuneprofil.

Ordførarprofil: Alfred Bjørlo har vore ordførar i Eid sidan 2011 og er nye Stad kommune sin ordførar i komande periode. Arkiv  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Det er Kommunal Rapport som står for kåring av «Årets kommuneprofil». Avisa skriv at åtte kandidatar kjempa om tittelen, men det var Alfred Bjørlo som blei vinnar med 34 prosent av stemmene.

– No blei eg litt sett ut. Eg er veldig takknemleg for å ha blitt nominert, og eg er veldig takknemleg for at så mange har stemt på meg. Dette er ei veldig stor ære, seier Bjørlo til avisa.


Han er Årets kommuneprofil

Rådmann Andreas Chr. Nørve i Vanylven er kåra til Årets kommuneprofil av Kommunal Rapport sine lesarar.


Alfred Bjørlo har markert seg som ordførar i Eid, og er vald til ordførar i Stad kommune dei neste fire åra.

Ifølgje juryen til Kommunal Rapport har han markert seg nasjonalt som ein kritisk og optimistisk talsperson for distrikta. Det er også lagt vekt på at han I sitt arbeid har han forsøkt å skape optimisme i lokalsamfunnet, og han er oppteken av at det er fullt mogleg å lykkast i distrikta.


[ helgapraten ]

Andreas Chr. Nørve - Kommuneprofilen

– Viss eg hadde fått eitt år fri med løn, så skulle eg teke flysertifikat, seier Andreas Christian Nørve. «Årets kommuneprofil» hadde heller ikkje sagt nei til sitt eige tv-program.