Idrettsrådet vil hjelpe motorsporten:

Her kan den nye ATV-bana kome

ATV-miljøet på Sunnmøre står bom fast etter at motorsportklubben ikkje lenger fekk trene på Vatne. No vil idrettsrådet i nye Ålesund kommune prioritere saka.

AKTUELT OMRÅDE: Påtroppande leiar i Ålesund idrettsråd, Arnt-Ove Tenfjord, antydar at dette området på Nøsa på Hellandshamn i Haram kan vere aktuelt for ei ny ATV-bane.  

Nyheter

– ATV er ein viktig sport for mange. Dei er medlemmar i idrettsforbundet. Ingen er imot denne sporten. Vi vil naturlegvis bidra til at ATV-arane får drive sporten sin, seier Arnt-Ove Tenfjord.