Ålesund sjukehus:

Vasslekkasje tetta – ei fødestue opna igjen

To av fire fødestuer vart fredag stengt ved Ålesund sjukehus på grunn av vasslekkasje. Fredag ettermiddag varsla avdelingssjef Janita Skogeng at lekkasjen er tetta, og at det no berre er ein av fire fødestuer som er stengt.

Vannlekkasje: To av fire fødestuer er stengt ved Ålesund sjukehus.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Den fjerde fødestua har fått såpass store skader at den må først reparerast før også den kan opnast igjen, legg Skogeng til overfor Sunnmørsposten.

Den første meldinga frå sjukehuset gjekk ut på at kvinner som skal føde ved Ålesund Sjukehus må ta kontakt med avdelinga som planlagt, men må vere førebudd på å bli tilvist til andre sjukehus for fødsel - anten Volda eller Molde.

Fredag ettermiddag ser situasjonen lysare ut, og Janita Skogeng håper og trur at ein skal kunne unngå å sende fødande til andre sjukehus.

Kommunikasjonsrådgjevar Hege Hegle seier til Sunnmørsposten at lekkasjen skuldast at taket er dårleg, og det no skal skiftast ut.