Bil sperrer vegen i Ørnesvingen

Politiet melder at ein bil i trøbbel sperrer vegen i Ørnesvingen i Geiranger.
Nyheter

Det skriv Møre og Romsdal politidistrikt i ei twittermelding klokka 11.56.

Det er meldt om vinterføre på staden, og det blir henta inn hjelp for å få fjerna bilen.

Politiet skriv i meldinga at bilen har vinterdekk.

Ifølge politiet vil entreprenør fjerne bilen.